Slepp

Solveig Styve Holte, Marte Reithaug Sterud, Ann-Christin Berg Kongsness, Hanna Gjermunrød, Fanny Holmin og Solveig Fagermo

Dans – 13-15 år

”Slepp” er eit dansekunstprosjekt som vil undersøke korleis ei framsyning oppstår og vert prega av sine omgjevnadar. Ei av målsettingane for prosjektet er å utvide ungdom si forståing av dans, kropp og kunst, gjennom å tillitsfullt stille oss tilgjengeleg for deira blikk og tilbakemelding. Ungdomen er tida ein vil gi slepp på barndomen, sleppe seg ut i vaksenlivet, eller går med eit håp om å få sleppe til. Eller sleppe fri. Frå andre sitt blikk, forventingar og tankar om ein- anten det er foreldre som ikkje gir slepp, eller venner som ein ikkje tør å sleppe seg frå. Ein kan jo verte slapp av mindre, ein tilstand som også ofte vert nytta for å skildre ungdom sin væren i verda. Slepp eller slapp. Framføringa søkjer å nytte dans som formidling av kroppen si kraft og skjørheit.