Schismogenesis

Tony Tran, Antero Hein og Maja Hannisdal

Danseforestilling – 13-18 år

Begrepet schismogenesis kan i korte trekk skildrast som sosial åtferd  mellom individ, som skaper avstand og maktubalanse  – dominans og undertrykking. I denne forestillinga møter vi to karakterar som gjennom dansen uttrykkjer ulike former for makt og avmakt. Forhaldet mellom dei to karakterane er tydeleg i ubalanse. Ei kjensle av ubehag melder seg raskt hos publikum. Tankar om undertrykking og maktbruk dukkar opp. Verkemiddel som lys og skugge, saman med musikk komponert for førestillinga gir eit fysisk, ærleg og nakent uttrykk. Scenografien, saman med lyseffekter gir i delar av førestillinga assosiasjonar til høge gjerder. Nokon er sperra inne, eller kanskje satt i fengsel? Fins det håp? Vil den svake reise seg? Det er mange spørsmål som dukkar opp i møte med førestillinga.