REK

Hildur dansekompani

Folkedans – 10-15 år

REK er ein dansekonsert der musikken og dansen får like stor plass. Utøvarane brukar heile rommet i framføringa. Publikum kjem nær utøvarane og det er vanskeleg å ikkje verte dregen inn i førestillinga. Midt på golvet står musikarar og dansarar rygg mot rygg og søv. Men så snart vi har fått satt oss og stillheita har senka seg, så tek det til å skje ting. Sakte bevegar dei seg rundt, medan toradaren tek til å puste. Etter kvart våknar både instrument, musikarar og dansarar til live og på golvet framfor publikum utspelar det seg leiken folkedans og musikalske uttrykk.

Medvirkande: Anna Gjendem, Mathilde Øverland, Jo Einar Sterten Jansen og Hilde Fjerdingøy.

Hildur dansekompani