Pakken

Teater Spillebrikkene

Teater – 5-10 år

Barn er veldig opptatt av rettferd. Dei vil at alt skal delast likt; glaset med saft, godteposen, kven som gjer minst eller mest, eller kven som skal vere først. Teater Spillebrikkene ynskjer at barna skal få reflektere over rettferd i sin eigen kvardag. Korleis deler eg med andre? Kva gjer eg for at andre skal ha det bra? Og korleis gjer dei vaksne det når dei deler med kvarandre? Er dei alltid rettferdige? Med «Pakken» formidlar Teater Spillebrikkene eit kompleks tema på ein måte som borna kjenner seg att i. Framsyninga vekker empati og medkjensle, og ikkje minst får borna kjennskap til at rettferd er meir enn å dele ein sjokolade heilt likt. Kanskje det til og med vert planta eit lite ynskje om å endre verda?

Medvirkande: Inger Gundersen, Charlotte Grundt, Knut Steen, Hedda Munthe og Dag H. Engebråten