Nattsvermar

Un-Magritt Nordseth, Gyrid Axe Øvsteng, Rune Rebne, Ludvig Elblaus, Kathrine Tolo, Jean Vincent Kerebel, Lars Jacob Holm og Anne E. Kokkinn.

Teater

Lars får ikkje sova. Natta bråkar, og ut ifrå mørkret kjem Nattjenta dansande; ho vil danse Lars – inn i dei mørke krokane. I mørke, sømnlause natta blir kjenslene sterke, nesten kroppslege. Nett slik er denne framsyninga: Øyrene og augene på stilk, alt kan hende, og hender –  og til slutt; roleg pust.
Hovedmålgruppe: Born frå 3 til 5 år