Les for Livet!

Nynorsk kultursentrum

Litteratur – 10-15 år

Les for livet! er ei framsyning som formidlar nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Målet er å gje smakebitar av alt det framifrå som blir skrive for barn- og ungdom på nynorsk og setje det inn i ein spanande kontekst. I framsyninga får vi være med to framtidsmenneske på ei intens reise gjennom verdsrommet. Dei er fanga i romsonden Litterera. Berre litteraturen kan få dei to tilbake til seg sjølve, tilbake til jorda. I møte med dei ulike scenene frå bøkene, møter menneska kjensler som frykt, forelsking og sorg, og slik kjem dei gradvis i kontakt med seg sjølve, med sine kjensler. Kjenslene som vert formidla gjennom litteraturen er det sentrale i produksjonen.

Medvirkande: Siri Beate Fossum og Kim Helge Strømmen, Ragnhild Nabben og Synnøve Marie Sætre.