Le og les!

Frøydis Flotve og Ingeborg Stige

Litteraturformidling – 10-12 år

Prosjektleiar og teaterkonsulent Frøydis Flotve og klovn og formidlar Ingeborg Stige har på initiativ frå forfattaren Erna Osland laga eit formidlingsprogram med utgangspunkt i Oslands fagbok «He-he! Ei bok om den livsviktige latteren» som blei gitt ut våren 2016 på Samlaget. Prosjektet ønskjer å imøtekome etterspurnad etter sakprosa i skulen, både når det gjeld formidling og skriverettleiing.  Den grunnleggjande ideen i formidlinga av «Le og Les!» er å skape eit møte mellom klovnen og elevane i ein klasseromssituasjon, der ein i- og utanfor fiksjon utforskar latteren, etterfølgt av eit skriveprogram utvikla av Osland saman med Liv Kristin Bjørlykke ved Nynorsksenteret. Prosjektet går nye vegar for å auke lesegleda og gi kunnskap om eit viktig tema. Latter kan vere ein døropnar og er eit av dei få fenomen i verda som kan knyte saman alle uavhengig av bakgrunn og språk.