Kunst og natur

Eve Lis Eikrem

Keramikkverkstad – 13-15 år

Prosjektet handlar om å bruke naturens eigne råvarer for å skape ei forståing av den betydning naturen har, har hatt og kjem til å ha for menneska. Kunstnaren vil vise korleis ein kan bruke «skrot» som andre har kasta frå seg til å skape noko vakkert og nyttig. Kan vi lage kunst av søppel? Barna får lære om natur, gjenbruk og miljøvern og korleis naturressursar kan knytast til kunsten. Leire er hovudmateriale, men barna skal også få samle sitt eige materiale i frå naturen, med fokus på prosessen over korleis noko blir til.