Iridal

Ann Sofie Godø, Jan Martin Gismervik, Fredrik Rasten og Natali Abrahamsen Garner

Samtidsmusikk og lysinnstallasjon

Iridal er synonymt for regnboge, og er vald som tematisk utgangspunkt for prosjektet. Regnbogen er eit symbollada naturfenomen og representerer ein geometrisk-romleg orden i eit bevegeleg kaos. Tittelen er vald med bakgrunn i elementa kunstnarane vil jobbe med; frekvensar, intensitet, fargar, atmosfærar og fysiologisk respons. Vi møter samtidsmusikk skapt av Jan Martin Gismervik, Fredrik Rasten og Natali Abrahamsen Garner, som nyttar song, gitar og trommer i sitt kunstneriske uttrykk. I tillegg har Ann Sofie Godø skapt lysinstallasjonar som komplementerer det musikalske uttrykket. Som publikum vert vi utfordra i møte med sanseinntrykka, som lett fangar oss, og tek oss med inn i fantasiens verden.