Frå null til tull

Møremusikerane

Konsert – 6-12 år

Utvikling av ein musikalsk leik med talet, ordet og musikken. Kva skjer når dei strenge tala møter den frie jazzen? Ein still uvanlege spørsmål om tal og tull. Spørsmål som gjev nye spørsmål. Noko er planlagt og noko skjer der og då, her og no, mens dei held på. I felta mellom disiplin og impuls, mellom det store og det lille, mellom univers og sandkorn, mellom null og tull smeltar kunstartane, livet og leiken saman til eit uttrykk som inviterer deg til å gruble og groove vidare.

Medvirkande: Lene Mordal, Audun Skorgen, Inger Bakke og Stian Omenås.