Fire Friheters Fanzine

Karen Helga Maurstig og Bess Frimodig

Grafikkverkstad – 16-19 år

Fanzine er eit spesialblad med idealistisk grunnlag og inneheld ein kombinasjon av grafikk, teikningar, bilete og tekst. Det er enkelt å lage og billeg å masseprodusere og distribuere. Det einaste ein treng for å lage desse blada er tid og dialog. Elles kan ein bruke ting frå naturen, boss, utklipp og ulike variantar av bokstavstempel. Karen Helga Maurstig og Bess Frimodig er biletkunstnarar og jobbar begge med grafiske teknikkar i eigne kunstnarisk arbeid. «Fire Friheters Franzine» er eit tidsskrift tenkt produsert saman med ungdomar frå asylmottak og elevar frå vidaregåande skule, der ein kan få uttrykke seg om kva som kan vere eit verdig liv gjennom bileter og collage, dialog og tekst med bakrunn i dei fire fridomane som dannar grunnlag for menneskerettane: talefridom, religionsfridom, fridom frå nød og frå angst.