Våpenlaus

Per Magnus Finnanger, Per Olav Hoff Mydske og André Jarnvig Jensen

Rap-lyrikk – 13-15 år

«Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus, rett nok sett han ikkje att øksi i kyrkjedøri, men han ber endå sverdet under kappa: ordet,» skriver Olav H. Hauge i dagboka, 2. november 1951. Denne dagen har han mottatt den første utgåva av si eiga diktsamling, Under bergfallet. Forestillinga «Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus» dykkar inn i mangfaldet av kva lyrikk kan vere. Per Olav Hoff Mydske og André Jarnvig Jensen er føregangspersonar i det norskspråklege rapmiljøet. Dei er særleg sentrale i rapbattle-miljøet, der utøverane konkurrerer i å utlevere seg sjølv og andre gjennom å forberede og improvisere tekst, form og rytme. Berre ved å delta stiller dei seg lageleg til for hogg. Tvilen i det å utlevere seg sjølv er noko ungdom, rapparar og kjente poetar har til felles. Gjennom å nytte rap, dikt og teikneseriar undersøkjer utøvarane og elevane saman kva lyrikk kan seie om dei som har skrive det, og kanskje om dei sjølv. Målet med denne produksjonen er å presentere lyrikken røffare, hardare og nærare røyndomen enn det publikum er vande med.