Do not feed the trolls

The Krumple Theatre Company

Teaterforestilling – Ungdom

Ei teaterforestilling som tar for seg råskapen, kynismen og sadismen hos moderne «internett-troll». Kiki Kannibal er aliaset til ei amerikansk tenåringsjente som over natta blei til ein web­celebritet gjennom det sosiale nettverket Myspace i 2006. Kirsten Ostrenga, som er hennar eigentlege namn, har i løpet av dei siste ni åra opparbeida seg ei enorm gruppe av fans og tilhengarar ­ men òg ei minst like stor gruppe av troll og hatarar. Med denne sanne historia ynskjer kompaniet å sette lys på korleis kommunikasjonen mellom menneske drastisk forandrast når ein har ei anonym maske å gøyme seg bak. Fascinert av opphavet til begrepet “internett-troll” byrja kompaniet å gå gjennom norske folkeeventyr som skildrar møte med troll og ynskjer å sjå på parallellane mellom dei klassiske trolla og dei moderne, skjulte trolla. Eventyra tar for seg farane som oppstår i det ein forlet heimens trygge veggar og ferdast inn i det ukjente. Kva for farar kan vi treffe på idag? Og kva for troll må vi kjempe? Oppvekst er eit sentralt tema i stykket, då unge i dag er eksponert for nye farar ­ i sitt eige soverom.  Frå soverommet sitt prøver Kirsten å nå ut til andre menneske, men oppdagar at trolla bankar på hennar eiga dør. Det som i byrjinga opplevast som eit popularitetsspel forvandlast på kort tid til ei brutal verkelegheit. 

Medvirkande: Oda K Nyfløtt, Jo Even Bjørke og Vincent Vernerie.