Den kvite hjorten

Tindra
Musikk og teaterframsyning- 6-15 år

Dette er ei musikk- og teaterframsyning basert på Jan-Magnus Bruheim si barnebok med same namn. Folkemusikktrioen Tindra har tonesett dei 61 versa på rim og tek oss med på ei musikalsk reise saman med Helge Jordal. Framsyninga handlar om ein hjortekalv som skil seg frå dei andre hjortane av di han er kvit. Då mora hans blir skoten av ein jeger, blir han overlaten til seg sjølv. Gjennom ord og tonar følgjer ein hjorten sin kamp for å overleve, vinne kjærleik og finne fellesskap. Den kvite hjorten er ei musikalsk historie om rasisme og mobbing, men gjev også framtidshåp.

Medvirkande: Åshild Vethus og Helge Jordal.