Den kulturelle barnehagesekken

Anne Cathrine Lande og Liva Mork

Visuell kunst – 0-3 år

Målsettinga med «Den kulturelle barnehagesekken» er å gi barna gode og spennande kultur og kunstopplevingar medan dei går i barnehagen. Det er og ei målsetting å inspirere dei som arbeider i barnehagen, og gje tilbod som kan generere idéar for vidare arbeid med kunst i barnehagen. Prosjektet «Den kulturelle barnehagesekken» vil gi barna moglegheit til å møte profesjonell billedkunst, og kunst som nonverbal kommunikasjon kan opplevast uavhengig av språkferdighetar. Visuell kunst er derfor ei god og viktig kommunikasjonsform for dei aller minste barna som ennå ikkje har ferdig utvikla språk, samt for minoritetsbarn som ennå ikkje har lært seg norsk tilstrekkeleg.