Anna 1900

Nina E. Bøe og John Roald Pettersen

Litteraturformidling – 6-10 år

Ei oppfølging og vidareutvikling frå Prøvekluten 2004. Kva skjer når ein oppdikta karakter forserer tida og brått står lys levande framfor han som skapte henne? I denne produksjonen utforskar aktørane grensene mellom det magiske og det realistiske rom. I dialog med publikum fortel forfattaren om kjeldene han har brukt for å finne ut korleis det var i «gamle dagar». Brått dukkar det opp ei levande kjelde frå rommet bak han. Framsyninga blir eit vekselspel mellom forfattaren som fortel noko om det å skrive ei bok, og Anna som vil fortelje si eiga historie.