«TIDSKAPSELEN» 

I løpet av  hausten skal alle 9. klassingane i Sogn og Fjordane få reise på besøke til eit museum og verte betre kjent med kulturarva vår. Museumsbesøka er del av turnéprogrammet til Den kulturelle skulesekken i det aktuelle fylket.

Hausten 2016 og våren 2017 har Seanse – senter for kunstproduksjon vore engasjert av Den kulturelle skulesekken (DKS) i Sogn og Fjordane, som mentor i utviklinga av kulturarvstilbodet ved dei ulike museumsavdelingane ved MISF (Musea i Sogn og Fjordane).

Det dukkar opp ei rekkje spørsmål når ein skal vere med å utvikle eit tilbod som skal gjelde alle 9. klassingane og inngå som del av DKS sitt turnéprogram. Kva er kulturarv? Er kulturarv viktig? Kvifor har vi museum? Kva er oppgåvene til eit museum? Kven bestemmer kva som er viktig å ta vare på for framtida? Er dette relevant for den aktuelle målgruppa? Korleis kan det eventuelt bli relevant?

Kulturarvstilbodet har fått namnet «Tidskapselen» og vil bestå av to delar, som Den Kulturelle Skulesekken i fylket la som ei føring for utviklinga av museumstilboda:

  • Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv. Elevane vil få vite kvifor vi har museum, kva mål musea har og korleis eit museum arbeider.
  • Elevane skal verte kjende med akkurat det museet dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing? Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på ved akkurat dette museet?

Etter at Seanse leia og gjennomførte ein inspirasjonsdag ved kunstmuseet i Førde, der formidlarar frå alle museumsavdelingane var til stades og presenterte sine utkast til sitt kulturarvsprosjekt, vart det våren 2017 gjennomført ei utprøving hos kvart enkelt museum med besøk av målgruppa.

Kva skil eit formidlingsopplegg som inngår i DKS frå andre formidlingtilbod museet tilbyr skulane til vanleg? Fleire museum byrjar å bli veldig gode på formidling til barn og unge, og mange tilbyr allereie formidlingsopplegg av denne typen på fast basis, men stikkord for denne typen formidlingsopplegg er aktivitet og oppleving. Dette betyr i praksis at ungdomane ikkje berre skal vere passive mottakarar, men få vere i aktivitet og oppleve noko på andre måtar enn det dei gjer til vanleg i skulen.

Musea som har vore med i prosessen med å utvikle kulturarvstilbod for DKS er Kunstmuseum Førde med avdeling Anders Svor Museet på Grodås, De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuseum i Kaupanger, Sunnfjord Museum i Movika ved Førde, Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad, Nordfjord Folkemuseum i Sandane og Kystmuseet i Florø.

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg får møte profesjonell kunst og kultur. Samstundes skal DKS vere ein arena der barn og unge får utfordra sin kreativitet.

Måla for Den kulturelle skulesekken skal vere:

Å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod

Å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag

Å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål

DKS skal famne heile breidda av kulturuttrykk:

Scenekunst

Visuell kunst

Musikk

Film

Litteratur

Kulturarv

Den kulturelle skulesekken må forankrast lokalt, i den enkelte skulen, kommunen og fylket. Dette sikrar lokal entusiasme og gjev rom for mange lokale variantar, slik at alle skal kunne kjenne eigarskap til Den kulturelle skulesekken

Her kan du lese meir om Den kulturelle skolesekken  og her kan du lese om Kulturtanken.

 

Mentor frå Seanse – senter for kunstproduksjon har i dette prosjektet vore Rita Slotterøy.
Foto: Rita Slotterøy