Mi og di forteljing

Are Pilskog i Blåst Film har i samarbeid med aktivitetsleiar David Merheb ved Volda mottak for einslege mindreårige flyktningar gjennomført ein dokumentarfilmverkstad der ei gruppe ungdomar fekk skape eigne filmar.

Våren 2017 fekk  prosjektet Mi og di forteljing tildelt 130 000 kroner frå Vestnorsk Filmsenter for å utvikle og gjennomføre ein dokumentarfilmverkstad med filmskapar Are Pilskog i samarbeid med Seanse – senter for kunstproduksjon.

Målet med prosjektet har vore å styrke deltakarane sin refleksjon omkring eigen identitet, ved å utvikle og formgje eigne forteljingar i dokumentarfilmsjangeren og gjennom å oppleve og vurdere andre sine filmar. I verkstaden har ungdomane fått ei innføring i å skape dokumentarfilm, der mange konkrete øvingar har gitt dei ei god innsikt i filmfaget.

Stillbilete frå ein av filmane i prosjektet.

I den kreative dokumentarfilm-tradisjonen har filmen ei klar stemme og er ofte ei personleg, subjektiv framstilling av røyndomen. Dokumentarfilmen gir eit innblikk i korleis filmskaparen oppfattar verda, og ved hjelp av dei ulike filmverktøya kan filmskaparen gi sjåaren moglegheit til å vere med på si reise. Prosjektet har satt søkjelys på at det bak kvar ein film er ein skapar som ikkje nødvendigvis har den eine rette tolkinga av røyndomen, og at ein til og med gjennom ein film kan manipulere røyndomen. At ein kan utelukke delar av sanninga eller manipulere sanninga. Det er ei misforståing at dokumentarfilmen skal vere objektiv og nøytral. Korleis ein filmar er viktigare enn kva ein filmar. Ei slik tilnærming vil vere med å gjere ungdomane trygge på at dei sjølve har ei stemme og eit syn som tel, samstundes som det skal skape gjensidig respekt for at andre kan ha andre syn og andre kreative tilnærmingar. Det har vore sentralt i  dette kunstprogrammet å legge til rette for at deltakarane er aktive og skapande, med støtte og rettleiing av ein profesjonell og prislønt filmskapar.

Barn og unge i dag nyttar ofte Google eller You-tube når dei skal hente informasjon eller bli underhaldt. Kva som er sanning og kva som er «fake news» kan vere vanskeleg å skilje mellom.  Å lære å vere kritisk til innhald i film er viktigare enn nokon gong i ei verd der alle deler alt på nettet. Prosjektet tok sikte på å utvikle viktige kunnskapar til å kunne vere kritiske til det ein møter og ser på skjermen.

Prosjektet hadde oppstart i midten av april, der alle deltakarane fekk sponsa festivalpass frå DOKFILM, ein årleg dokumentarfilmfestival i Volda, noko som gav fri tilgang til alle filmane som blei vist under festivalen. Are Pilskog valgte også ut eit par filmar som alle såg saman. Gjennom prosessen med å skape dokumentarfilm, har ungdomane fått reflektere over eigen bakgrunn og eigne tankar om framtida.

Torsdag 15. juni hadde prosjektet offisiell avslutning og feiring, med visning av dei ferdige filmane i det store auditoriet i gamle Kaarstad. Nokon av deltakarane hadde valt å fokusere på den lange ventetida på mottaket, medan andre laga film om mobbing og sakn. Eit par av ungdomane, som hadde hatt det ganske tungt i perioden før dokumentarfilmverkstaden, laga fleire filmar om pågangsmot og det å ikkje gi seg, der bodskapen var at alle har ei meining og at det alltid fins håp. Filmane vart skapt med enkel programvare på iPad, der ein både filma, redigerte, la til musikk og ulike filter direkte på iPaden. Alle deltakarane fekk tilgang til kvar sin iPad, som dei kunne nytte døgnet rundt i heile perioden dei deltok i kunstprogrammet. I ettertid ser vi at dette var eit viktig grep i forhold til kreativitet og skaparglede. Mange av deltakarane tok med seg iPadane og filma på turar i fjellet og ellers i naturen, medan andre filma om natta. På eige initiativ lasta fleire av deltakarane opp sine filmar på Vimeo og You Tube.

Dokumentarfilm kan vere ein god reiskap som vil kunne gje asylsøkjarar og menneskje på flukt ei stemme og ein måte å uttrykje seg på i ein ellers vanskeleg og kanskje umenneskjeleg situasjon. Erfaringane ifrå dette kunstprogrammet har vore mange, og både filmskapar, aktivitetsleiar og prosjektleiar er positive over resultata og engasjementet hos deltakarane.

 

Prosjektleiar og kontaktperson hos Seanse – senter for kunstproduksjon for dette prosjektet har vore Rita Slotterøy.